Pressemelding frå Foreningen !les

Dette er åttande året Foreningen !les arrangerer NM i poesislam.

Simen blandar stev på nynorsk med betraktningar frå barkrakken à la Jokke eller Rocky. Eg gler meg til å promotere Simen frametter og sjå kva det nordiske og internasjonale slammiljøet synest om den urnorske stilen hans, seier organisator av NM i poesislam, Kristine Isaksen i Foreningen !les.

Simen Torgersrud blir Noregs representant i Nordisk Cup i Göteborg og VM i poesislam i Paris neste år. Allereie i desember skal han i elden når dei beste slammarane i Europa skal møtast i Antwerpen i Belgia for å konkurrere mot kvarandre.

Poesislam er ei viktig alternativ litteraturscene som veks i popularitet kvart år. Premien er eit reisegåvekort på 10 000 kr., ein skinnande pokal med lok og sjølvsagt tittelen ”noregsmeister i poesislam” eitt år fram i tid. Sylvvinnar Stian Johansen mottok eit gåvekort på 3000 kr. donert av rapvalg.no

 RESULTAT

  1. Simen Danielsen Torgersrud (delfinalevinnar Trondheim): 105,6 poeng
  2. Stian Johansen (delfinalevinnar Lillehammer): 96,1 poeng
  3. Olaf Lundheim (delfinalevinnar Gvarv): 95,1 poeng
  4. Henning Howlid Wærp (delfinalevinnar Tromsø): 88,1 poeng

KONTAKT

Simen Torgersrud, ny noregsmeister i poesislam. Frå Lillehammer, busett i Trondheim. Mobil: 907 14 025

Kristine Isaksen, prosjektleiar i Foreningen !les som organiserer NM i poesislam på tredje året. Mobil: 952 019 68

NETTSTAD

Les meir på poesislam.no