Slamleder: Heidi Marie Vestrheim er konferansier under delfinalen i NM i poesislam fredag 31. mai på Lillehammer. Foto: Rune Kongsro

Slamleder: Heidi Marie Vestrheim er konferansier under delfinalen i NM i poesislam fredag 31. mai på Lillehammer. Foto: Rune Kongsro

Heidi Marie starta å jobbe som musikar og fekk platekontrakt i 1998. På denne tida budde ho i Bergen.

– Eg gjekk ikkje på ein høgskule, eller på eit universitet, fortel Vestrheim, men eg studerte ved «livets skule» som man seier så fint. Eg starta som vokalist i bandet Atakama. Vi ga ut vår første plate «Luch» i 2000. Før, og innimellom dette, opptredde eg ein del på diverse utestedar.

Men ganske snart fekk ho eigne bein å stå på. I 2004 starta artisten for seg sjølv og kom ut med sitt første soloalbum i 2004, «Signs and Fiction».

– Året eg ga ut debutalbumet mitt jobba eg også parallelt med TV og teater.

Når begynte du å jobbe for NRK?

– I 2008 fekk eg jobb i NRK Super. Same år flytta eg også til Oslo. Då fekk eg jobb som programledar for barne-TV og Julemorgen. Jobben som programleiar for Julemorgen er ikkje sikra frå år til år, men eg blir veldig glad når eg får vere det.

Har du nokre tips til unge som ønskjer å jobbe innanfor musikk eller TV?

– Det er veldig viktig å finne eit miljø med menneske som har nokre like interesser og same lidenskap som ein sjølv. Eg vart kjent med folk i ”Garage”-miljøet. Å komme inn i slike miljø gjer at ein opplev å inspirere og bli inspirert av kvarandre. Eg tenkjer alltid at uansett kva du ønskjer å jobbe med, så er det viktig å ha ein lidenskap for det. Det krev mykje jobb, tid og tålmod.

– Som livet, går alt i bølger. Sånn er det også med musikk, og dei fleste andre yrke. Ein dag kan alt gå bra, ein anna dag kan alt virke tungt. Eg trur at ein får mykje tilbake om ein greier å vere produktiv. Ein må lage, lage og lage masse materiale. Alt blir ikkje bra, men plutseleg får ein det til, og det er ein god kjensle.

Du har jobba med musikkslam før. Ser du noko liksskap mellom poesislam og musikkslam?

– Det er mange likskapar mellom poesislam og musikkslam. Eg likar veldig godt at ein kan leike seg med ord, snakke eller synge og at ein kan vere spontan og leiken.

Eit oppleving ho huskar godt, er musikkslam i Tyskland i 2007.

– Vi var til slutt fem stykk på scena, der vi konkurrerte mot kvarandre. Først opptredde eg med ein del eigne songar. Deretter begynte publikum å «selje» ord, vi fekk 5- 10 minutt på å ta orda, som var på tysk, og sette dei saman til ein nyskriven tekst. Dette var ein utrolig kul oppgåve. Mine tysk-kunnskapar var ganske skrale, så dei fleste orda som vart slengt ut frå publikum måtte eg gjette meg fram til, for å så oversetta orda til engelsk.

– Musikkslamen gjekk over fleire kveldar. To personar vann kvar kveld. Eg deltok på desse kveldane to til tre gongar, og eg merka at det vart lettare og lettare for kvar gong. Så eg hadde fått litt erfaring da eg sto i den siste finalen, og vant!

Heidi Marie hugsar musikkslam som noko unikt, og tenkjer dette også gjeld for poesislam.

– Det var veldig frigjerande å gjere noko heilt annleis, å gå utanfor dei tradisjonelle rammene. Det er ikkje forventa at ein meistrar alt kvar gong. Det eg likar best med musikkslam, og som eg trur gjeld poesislam også, er at ein gjer noko annleis og utradisjonelt.

Kva tenkjer du om jobben som konferansier under årets delfinale i poesislam på Lillehammer?

– Eg gleder meg kjempemykje! Det kjem nok til å vere god stemning og eg trur det kjem til å bli veldig morosamt. Under eit slikt arrangement er det verkeleg publikum som står for ein stor del av stemninga. Det kjem nok automatisk til å bli ein kveld der kva som helst kan skje. Ein har ingen spesielle rammar å halde seg innanfor, og det er heller ingenting som er satt eller bestemt på førehand. Slikt likar eg veldig godt!

Ho set pris på det skrivne ord. Likar bøker, og sjølv om ho no bur i Oslo, så les ho helst forfattarar frå vestlandet.

– Eg liker at forfattarar bruker humor i bøkene. Ragnar Hovland er veldig god på dette. Han brukar god vestlandshumor. I ei av bøkane hans er det ein diskusjon om ein skal bli gal eller kristen. Karakteren hans er kristen i 15 minutter og ombestemmer seg. Eg liker også at forfattarane bruker eit munnleg språk, at setningane er korte og lette å lesa. For meg er det viktig at poenget kjem tydeleg fram, og at forfattaren er rett på sak. Det er også flott når bøkene inneheld mykje dialog.

Heidi Marie trekk også fram andre vestlandsforfattarar, og ein amerikansk: Olav H. Hauge, Maria Parr og Patti Smith.

– Eg likte veldig godt den nynorske versjonen av «Just kids» som Patti Smith har skrive, og som Brit Bildøen har oversatt. Eg syns ho skriv på en poesislam-aktig måte.

Her er tre boktips fra Heidi Marie:
Ragnar Hovland – «Sveve over vatnet»
Maria Parr – «Tonje Glimmerdal»
Patty Smith – «Just Kids”

Les meir NM i poesislam her.