Johan er berre 15 år og dermed den yngste finaledeltakaren – nokon sinne.

Kven er du, korfor skriv du, kva les du no og korfor slammar du?
– Eg heite Johan og kjem frå Nesodden. Eg er 15 år og går i 10. klasse på Alværn ungdomsskule.

– Eg har laga tekstar og beats sidan eg var 13 år. Det har eg tenkt å fortsette med. Tekstane mine handlar dels om hip hop kulturen, gjerne knytta til miljøet eg kjem frå på Nedsodden, men også andre ting eg bryr meg om.

– Når eg les, er det stort sett nerdate hip hop bøker, tegneseriar og lekser.

– Eg like poesislam fordi det ligne på battling i hip hop. Eg blei med på slam fordi eg like å opptre og det er gøy når publikum er med.

Gå ikkje klipp av tidenes yngste slamdeltakar fredag 26. november klokka 19:00 på Litteraturhuset i Oslo.

Gratis inngang!