Poesislam under Ordkalotten har tradisjonelt vore eit av dei best besøkte arrangementa under heile litteraturfestivalen, og sjølv om slammen i år blei flytta til eit større lokale, var det fullt hus og høg stemning. Rundt 100 personar møtte opp på Cafe Sånn for å oppleve fem vidt forskjellige deltakarar og ein slam-host med stålkontroll: Rebekka Brox Liabø frå Rulleramp.

Vinnar Ingebjørg Liland (bilete) frå Forfattarstudiet ved Universitetet i Tromsø var suveren frå første tekst. Ho hadde også lært seg dei tre tekstane ho framførde utenat, og imponerte vidare med smarte rim, seksuelle undertonar og aktuelle tema.

Øystein T. Kristiansen opna med å framføre eit dikt om klamydia som mest sannsynleg kjem til å gå inn i soga til norsk slamhistorie på lik line med Roger-diktet til Jon Øystein Flink.

Hans Christian Van Nijkerk vann slammen på Kuiper-lanseringa i august, men klarte ikkje å svinge seg i toppen denne gongen.

Slam-debutant Astrid Sandå hadde vore på workshop i poesislam kvelden før, så dette kan vere ein god måte å få nye folk med på slam.

Det var dei tidlegare noregsmeistrane Therese Bakkevoll (2008) og Ron-Harry Røstad (2009) som heldt workshopen som talde 11 deltakarar.

Resultat:

Ingebjørg Liland: 109,7 poeng
Liv Hanne Haugen: 86,4 poeng
Øystein Thranås Kristiansen: 82,7 poeng
Hans Christian Van Nijkerk: 81,7 poeng
Astrid Sandå: 72,7 poeng

Kalibrerar: Erik K. Forsgren frå rap-duoen Pistol & Bart.

Ingebjørg er dermed klar for finalen på Litteraturhuset i Oslo fredag 26. november.