Pressemelding frå Foreningen !les
Dette er åttande året Foreningen !les arrangerer NM i poesislam.
– Simen blandar stev på nynorsk med betraktningar frå barkrakken à la Jokke eller Rocky. Eg gler meg til å promotere Simen frametter og sjå kva det nordiske og internasjonale slammiljøet synest om den urnorske stilen hans, seier organisator av NM i poesislam, Kristine Isaksen i Foreningen !les.
Simen Torgersrud blir Noregs representant i Nordisk Cup i Göteborg og VM i poesislam i Paris neste år. Allereie i desember skal han i elden når dei beste slammarane i Europa skal møtast i Antwerpen i Belgia for å konkurrere mot kvarandre.
Poesislam er ei viktig alternativ litteraturscene som veks i popularitet kvart år. Premien er eit reisegåvekort på 10 000 kr., ein skinnande pokal med lok og sjølvsagt tittelen ”noregsmeister i poesislam” eitt år fram i tid. Sylvvinnar Stian Johansen mottok eit gåvekort på 3000 kr. donert av rapvalg.no
RESULTAT
- Simen Danielsen Torgersrud (delfinalevinnar Trondheim): 105,6 poeng
- Stian Johansen (delfinalevinnar Lillehammer): 96,1 poeng
- Olaf Lundheim (delfinalevinnar Gvarv): 95,1 poeng
- Henning Howlid Wærp (delfinalevinnar Tromsø): 88,1 poeng
KONTAKT
Simen Torgersrud, ny noregsmeister i poesislam. Frå Lillehammer, busett i Trondheim. Mobil: 907 14 025
Kristine Isaksen, prosjektleiar i Foreningen !les som organiserer NM i poesislam på tredje året. Mobil: 952 019 68
NETTSTAD
Les meir på poesislam.no
Legg igjen en kommentar
Du må være innlogget for å kunne kommentere.