Regjerande noregsmeister i poesislam, Taro V. Cooper, og sylvvinnar Guro Sibeko held verkstad i poesislam 27. april i Amnestys lokale i Oslo.
Vil du bli betre til å kommunisere, underhalde eller stå på scena? Meld deg på denne eksklusive workshopen i poesislam! Men ver rask: Det er berre plass til 20 personar på kurset.
I vår har Amnesty International ein kampanje gåande om rettane til sluminnbyggjarane i Kenya, og tekstane som ein skriv skal knyttast til dette temaet eller politisk aktivisme generelt. Deltakarane lærer både å skrive tekstar som treff og teknikkar for å kommunisere med publikum. Les meir om Amnestys kampanje Stopp bulldosarane i Nairobi.
29. april kl 21:00 på Mogador Cafe i Oslo blir det desibelslam med venteleg fleire deltakarar frå workshopen. Både workshopen og slammen er eit samarbeidsprosjekt mellom Amnesty International og Foreininga !les.
Tid og stad for workshopen:
27. april 2011, klokken 17.00- 21.00
Amnestys lokale i Grensen 3, Oslo.
Meld deg på til ost@amnesty.no.
Skriv tre liner om korfor nettopp du skal få plass på kurset.
Les meir om workshopen, kurshaldarane og Amnesty.
Siste kommentarer