Vinnaren derifrå gjekk automatisk vidare til finalen i verdscupen som gjekk av stabelen 12.-13. juni i Bobigny utanfor Paris.
Det var første gong ein Nordisk Cup blei arrangert, og cupen fekk opne litteraturfestivalen til Århus Vild med Ord. Dei norske deltakarane kom godt ifrå det: Ron-Harry Røstad kom på 3. plass og Therese Bakkevoll enda på 5. plass.
Svenske Oskar Hanska gjekk av med sigeren, mens Olivia Bergdahl kom på 2. plass.
– Me følte oss litt som underdogs, og det var tydeleg at me var dei minst erfarne, seier Bakkevoll.
– Både i Sverige og Danmark er poesislam ein meir etablert sjanger som lever heile året i dei fleste byane. Det burde me også få til i Noreg, legg ho til.
Oskar Hanska var med i finalen i verdscupen der han kom på 4. plass som beste europear.
YouTube-klipp og meir frå finalen finn du på Oskar Hanska si heimeside.
Legg igjen en kommentar
Du må være innlogget for å kunne kommentere.