Johan blir tidenes yngste finaledeltakar i NM i poesislam. Han rappa seg nemleg fram til siger i delfinalen på Nesodden Samfunnshus!

Elling Borgersrud frå Gatas Parliament var eminent konfransier og sørgde for å elde opp publikum. Fire menn og to kvinner kjempa i ordstriden, men allereie etter 2. runde låg Johan Julius Køber i leiinga.

– Eg har alltid holdt på med rapping og tekstar, heilt sidan barneskulen, fortel Køber til lokalavisa Akershus Amtstidende etter at sigeren er i boks.

Poengfordelinga blei slik:

Johan Julius Køber: 104,2
Jorge Romero: 73,3
Oddmund Kårevik: 66,0
Anne Irene Groven: 56,5
Efthimios Karantmis: 56,5
Marion Glenne: 39,9

Fleire bilete frå delfinalen ligg ute på Facebook-sida til Nesodden bibliotek.

DelShare on FacebookTweet about this on TwitterShare on Google+Email this to someone