Stemning: Det var høy intensitet blant publikumsjuryen under delfinalen i poesislam på Surf & Turf.

Finnmark internasjonale litteraturfestival, som husa delfinalen, hadde rydda god plass til poesislam i programmet med heile to workshopar: ein for ungdom på den lokale ungdomsklubben og ein for vaksne. Kurshaldarane var Therese Bakkevoll (noregsmeister i poesislam 2008) og Ron Røstad (noregsmeister 2009). Nesten alle deltakarane til sjølve delfinalen blei rekruttert frå desse workshopane. Det er derfor eit godt tips til nye slamarrangørar å organisere ein workshop i poesislam før delfinalen går av stabelen.

Det var fullt hus (ca. 90 publikummarar) under delfinalen på Surf & Turf, fire publikumsjuryar og heile åtte deltakarar: konferansier Therese Bakkevoll (bilete t.h.)hadde ei stor oppgåve førre seg – som ho takla strålande på alle måtar. Det som er kjekt med at slammiljøet veks i Noreg, er at me også begynner å få profesjonelle slamkonferansierar her til lands. Det var duka for debutantball med åtte deltakarar som aldri hadde slamma før, og tre av dei hadde heller ikkje norsk som morsmål, men estlandsk. Ein av desse gjekk også imponerande nok av med sigeren: Marit Hansen (bilete t.v.). Med sjarm, bevisste feilval av ord og kortfyndige tekstar vann ho hjartane til publikum og blir Kirkenes sin representant i finalen til hausten.

Sidan det var så mange deltakarar og tida var knapp, var det berre dei to med høgaste poengsummar som gjekk vidare til tredje og avgjerande runde.

Dei som deltok var:

Marit Hansen (1. plass)
Helge Sæverud (2. plass)

Annika Kupits
Arnt-Christian Rist Isaksen
Asfrid Karlsen
Lene Ødegård Olsen
Norman Pirk
Vanja Madsen

Slammere: Spente deltakere i poesislam under delfinalen i Finnmark.

Alle foto: Hannele Fors /Fylkesbiblioteket i Finnmark.