Jubel: Ingebjørg Liland kan slippe jubelen løs som vinner av delfinalen på Lillehammer 2011. Deltaker Håvard Rem (t.v.). Foto: Vibeke Røgler/Foreningen !les.

Konferansier var Therese Bakkevoll. Ho er noregshistorias einaste kvinnelege meister i slam (NM i 2008), er ein aktiv slammar og har vore med på Scandinavisk Cup i 2010 og Nordeuropeisk Cup i år i Danmark.

Til kalibrerar fekk me storfint besøk: Peter Dyreborg, som er kjent slammar, kurshaldar og slamorganisator i Danmark. I eit lite miniintervju med han i ein av pausane, fortalde han at han var imponert over nivået til slammarane og særleg imponert over den høge kvinneandelen på scena.

– I Danmark er det helst gutar som slammar, single gutar, som står på scena og eigentleg ropar Sjå på meg! Sjå på meg!, sa han.

Sjekk heimesida hans: peterdyreborg.dk.

Også i år kickstarta poesislam Den Store Banknatta under Litteraturfestivalen på Lillehammer, festhøgdepunktet og avslutninga på festivalen for mange. Lokalet blei stappfullt som alltid og fleire av publikumsjuryane hadde vore ute på ei slamnatt før: mange av dei utmerka seg med å vere profesjonelle, seriøse og konsekvente. Faktisk er publikum vel så viktige som slammarane om ein vil skape eit levande og ambisiøst slammiljø i Noreg!

Eminente deltakarar var: Guro Sibeko, Henning Gärtner, Håvard Rem, Ingebjørg Liland, Katja Hogset og Sofie Skjerve. Guro og Ingebjørg var begge med i finalen i fjor, medan dei andre fire var slamdebutantar. Katja og Sofie er begge aktive i Amnesty International, og fleire av tekstane deira tok utgangspunkt i den aktuelle kampanjen deira Stopp bulldosarane i Kenya.

Sidan det var så mange deltakarar, gjorde ein det slik at dei to med høgast poengsummar etter 2. runde, skulle kjempe mot kvarandre i ein 3. «finalerunde». Det var tett mellom plasseringane, men Ingebjørg og Håvard var dei som publikum ville ha med vidare. I 3. runde fekk Håvard 107,6 poeng og Ingebjørg 109,4, og dermed heiter altså den første finaledeltakaren i 2011 Ingebjørg Liland!

Takk til strålande og modige deltakarar, eit proft publikum, fantastiske Peter Dyreborg og dyrebare Therese Bakkevoll! Og her kjem oppmodinga: kom på finalen i Oslo 4. november på Cafeteatret for å oppleve Ingebjørg!

DelShare on FacebookTweet about this on TwitterShare on Google+Email this to someone