Poesislam er ei blanding av battle, stand-up og diktopplesing, og delfinalen i Trondheim speila fint dette med to diktarar, ein stand-upar og ein rappar blant deltakarane.

Studentersamfundet i Trondhjem står for den einaste studentslammen i år, og rundt 60 studentar hadde funne vegen til andre etasjen på ein torsdag kveld. Her var det mange som var på slam for første gong, så konferansier Runar Gudnason, som tilhøyrar hip-hop-gruppa Side Brok, måtte kjempe for å få publikum til å vere rause med poenga og applausen. Det hjalp nok at han rappa mellom slaga og gav alt for å få i gang studentpublikummet.

Kaj Menear var på P4 rett før delfinalen for å gi lyttarane ei smakebete på slam, i lag med konferansier som analyserte og forklarte. Menear kjem frå stand-up miljøet og var debutant på slamscena, og nytta sjølvsagt humor i tekstane sine som publikum likte. Trond Wiger frå hip-hop-gruppa Gode Ord Dør Sist (G.O.D.S.) har vore med i finalen heile tre gonger, og vann også delfinalen i Trondheim i år. Han avslutta med ein sterk og personleg tekst og blei honorert med mange doble poeng.

Men denne gongen vann Wiger med snaue 2,6 poeng foran nestemann, så neste delfinale på Trondheim kan ingen spå utfallet av.

Resultat:

Trond Wiger: 61,6 poeng
Kaj Menear: 59 poeng
Guro Fosli: 51,7 poeng
Øygunn Mediå: 50,4 poeng

Bildane under frå delfinalen er tekne av © Fotogjengen.no. Tusen takk!

DelShare on FacebookTweet about this on TwitterShare on Google+Email this to someone