Drammen er god til å trekkje unge folk til poesislam. Delfinalen i år var prega av fem svært forskjellige deltakarar og knallgode tekstar og framføringar.

Årets yngste slamdeltakar, Lisa Søndmør (14 år), framførde bånn ærlege tekstar, men årets tøffaste slamdeltakar heiter Amir H. Alikhung. Han flytta med familien til Noreg frå Afganistan for berre to år sidan. Som konferansieren sa, eg er glad det ikkje er eg som står på scena i Afganistan og skal underhalde på et afgansk språk etter knappe to år i landet.

Sarah Ramin Osmundsen briljerte med nærvere og tankedjupe tekstar. Daniel stod for kjekkastekstane med morosame samanlikningar på språkbruken i Drammen kontra Oslo, tekstar han hevda han nett hadde kladda på toget frå Oslo til Drammen. Men det var Taro som gjekk av med sigeren, med kritiske rappar om samfunnsaktuelle tema og ein tekst om verdien av å lese som sjølvsagt sjarmerte representanten frå Foreininga !les i senk …

Kristoffer Reinsfelt Arnesen frå NRK P3 var konferansier og klarte både å få deltakarane til å føle seg vel og showe for publikum. Arrangør Sadi Emeci måtte tåle eit ironisk og frekt rim på tampen, så konferansieren fekk også vist fram slam-poeten i seg.

Resultat:

Taro Cooper Vestøl: 111,4 poeng
Daniel Yterdal: 101,8 poeng
Sarah Ramin Osmundsen: 90,9 poeng
Amir H. Alikhung: 89,8 poeng
Lisa Søndmør: 79,3 poeng

Finalen arrangeras av Foreininga !les på Litteraturhuset i Oslo fredag 26. november.