Norgesmester: Lars O. Haugen fra Vadsø er første norgesmester i poesislam fra Nord Norge.

Det var publikum som gav poeng til deltakerene, og dermed bestemte at det var vadsøveringen som tok hjem seieren og hovedpremien – en tur for to til Chicago.

Men også fagdommerne hadde sansen for Haugens dikt. Knut Nærum oppsummerte det siste diktet hans slik:

– Jeg har akkurat lest «Berlinerpoplene». I løpet av de tre minuttene diktet ditt varte skjedde det mer enn i hele boka til Ragde.

Etter andre runde ledet Lars «Atlars» Tønnesen, men sluttresultatet ble 101,9 poeng til Haugen, og Tønnesen like bak med 93,9.

De fem poetene som hadde kvalifisert til finalen gjennom lokale tevlinger var i tillegg til Haugen og Tønnesen Jørn Berget, Trond Wiger og Ted M. Granlund.

Haugen er en allsidig mann. I tillegg til frilanspoet er han journalist, forlagssjef, platedirektør, robåtreder og hagebonde.

Les finalebidragene til Haugen under:

Balladen om Kristina frå Bergeby

Utanfor Esso i Vuonabahta
sto dei og fraus i den kalde natta
Kristina, Aili, Beate og Mette
samla i jakta på… den rette?

Rundt dei gjekk bilane sakte i ring,
gjennom dei sota vindauga synst ingenting.
Ei jente klyv inn i ein trang BMW,
ei jente kjem ut med vaginal gonoré.

Mest står dei og ser, med dei frys og angrar,
stundom er gutta i byen og ranglar.
Då hender det Kristina, Aili og Mette
går heim til Beate og prøver å gjette

kven som vert først til å få seg ein mann
og kor lenge ho greier å halda på han.
«Eg skal no flytta til Oslo,» seier ei,
– gutane der er vel betre enn dei

som køyrer rundt her utan andre planar
enn å banka opp første og beste afghanar
og køyra heim att til mora og sova
og spy på seg sjølv i fylla og lova

at snart skal han konsa på skulen og selja
den styla Toyota’n og skutern og velja
ein utdanningsveg innan IT og data
og mora vert stolt og prøver å lata

som at ho trur på han, heilt til i kveld,
for då køyrer han rundene likevel,
og ligg snart og spyr på seg sjølv igjen
og spør om han ikkje kan låna litt spenn

for Atle har gjeld til ein kompis i Tana
som kjenner ein kar i Hells Angels, og…? ?Faen’a,
kan du ikkje slutte,? seier Mette.
?Du får ikkje betre i Oslo enn dette,

det er like gale, men gutta her nord
veit i det minste at verda er stor
og trur ikkje at dei er niggaz frå Queens
med ei tante som kan voodoo i New Orleans.?

?Nei,? sa Kristina, ?men gutta frå Sirma
har ei tante som kan ganna, med eige firma
i healing- og helsekostbransjen, og mamma
er like forbanna åleine, for far sit i gamma

med hagla og spritflaska, nett som i Queens,
med kamodrakt og caps ifrå U.S. Marines.?
?Hald opp,? sa ho Mette, ?du veit det så vel:
Du kan drøyma og le, men likevel:

Ein dag skal du stå der i brurekofte
slik andre har stått både titt og ofte,
med magen synleg og skjebnen segla:
Ungar og klesvask og heile regla.?

?Nei,? sa Kristina, ?du finn ikkje meg
på veg opp til alters med tunge steg
for å ekta ein innavla heimføding.
Han som skal prøva å gje meg ein ring

Må vita å vaska sine eigne klede,
og helst vera ute av mors lune rede?.
?Du vert aldri gift,? sa Beate og klukka.
?Nei, der har du vel rett,? sa Kristina og sukka.

Så bar det på heimveg med alle i hop.
Då sommaren kom, gjekk ho Mette på dop,
og Aili var flytta til Oslo med mora.
På ferie heime var ho den kule,
Beate vart att i dei gamle spora,
men Kristina reiste til Vadsø på skule.

Vuggevise

Eg sette meg ein gong føre å vaka ei natt, stille på sengekanten, og telja alt det som hende
medan du sov
var natta på rov

Alt dette hende medan du sov,
Alt dette hende medan du sov.

Natta kjem drivande austover i ein fart av femten grader i timen, åtte timer lang blir 120 grader brei, så varmt at havet kokar bort og let etter seg ein ørken av salt, der den som kan lesa med tunga
finn alle svar
som havet har.

To elskande tenner ei lampe imellom seg og ser korleis skuggane flakkar forskremde bortover graset og opp, mot ytterveggane av stjernehimmelen over dei,
natta er kald,
mørkret er vald.

Alt dette hender medan du søv.
Alt dette hender medan du søv.

Ei kråke har landa på vannbordet utanfor, med ei daud rotte i nebbet, land er langt unna enno,
og arken er lekk
og Noah er vekk

Rykkvis glir hornhinnebulkane fram og attende under augneloka, som ryggfinnar av svoltne haiar
som ventar på mat
og lever av hat.

Alt dette hender medan du søv
Alt dette hender medan du søv.

Utanfor gjerdet som skiljer Marokko frå EU si grense i sør
er det nokon som dør,
og det har hendt før.

Ei utrangert ferje full av flyktande kvinner og menn kantra og gjekk ned
i det indiske hav.
Dei fekk inga grav.

Alt dette hende medan du sov.
Alt dette hende medan du sov.

Eit kirsebærtre i Osaka felde 26 kronblad, eitt for kvart brev som ei dotter
sende sin far
og ikkje fekk svar.

Utanfor vindauget ditt gjekk verda under i natt
og vart skapt på ny
utan å kny

Alt dette hende medan du sov.
Alt dette hende medan du sov.
Medan du sov.

Balladen om Johnny frå Båtsfjord

Johnny vart fødd ei vinternatt
under ei stjerne som likna eit ratt.
Johnny elska alt med ein motor i,
køyrde skuter åleina før han var ti,
han fekk ein moped til konfirmasjonen,
men fekk ikkje lappen før han var nitten
på grunn av den der kjipe situasjonen
(teken av purken, utsett oppkøyring, all den dritten)

Johnny gjekk i mekanikarlæra
på statoilstasjonen, han sette si æra
i å fiksa alt, han fekk løn for strevet,
men då han skulle ta svennebrevet
laut han til Vadsø: Det var det siste,
å læra å skriva det hendene visste.

* * *

Han sette seg inn i sin Opel Ascona
seksogåtti coupe, med
sota vindauge,
hekkspoiler,
senka,
aluminium felgar,
lågprofil dekk,
trimma
trimma?

Han drog ifrå Båtsfjord
Han drog over Ordo
Han kom ned til? Austertana
Han kom til Tanabru, han kom til Skiippagurra, han kom til Varangerbotn
Han kom til Nesseby (Únjarga!), han kom til Jakobselv (Annejokka!), han kom til Vadsø

* * *

Johnny hadde mor og far
Akkurat som andre har
han drog heim til Båtsfjord anna kvar fredag
med baksetet fullt av skitne klede

Der fekk han finnbiff og saltfesk hjå mor si og
gode råd hjå han far, han sa:

«Johnny, ikkje skrik når andre kan sjå deg,
ikkje la nokon køyra ifrå deg.
La ikkje viktig arbeid vente,
rot deg ikkje bort i ei samejente».

* * *

Johnny hadde ein god kamerat
som gjorde teneste som FN-soldat
i KFOR-styrka i Pristina
Det var heime hjå han at Johnny møtte Kristina

Ho var ifrå Bergeby, svart i håret
lita og nett og gjekk første året
på lina for helse- og omsorgsfag
dei møttest etter skulen, kvar dag.

Så fekk ho køyra i opelen
den korte vegen til hybelen
i ghettoen, der båe budde,
men at han var trufast, var det ingen som trudde,

dei sa: Han er snart tjue og kjem frå kysten
Ho er seksten. Han mister snart lysten
på kalvekjøtet og finn seg ei anna
Kristina høyrde dei. Ho vart forbanna.

Så var det ei helg at han ikkje fór heim.
Han skulda på dårleg registerreim
då mora ringde han fredagsefta,
Kristina høyrde han lyga, og kjefta:

Lyg du til mor di, så lyg du til meg,
han sa: Veit du kva ho seier om deg?
Ei hore, sa Kristina. Eg kan då høyra!
Du Johnny ? skal ikkje me to køyra
ein liten tur ut til Kibergnesset?
Lufta oss, få ut det jævla stresset?

Johnny og Kristina køyrde utover
alt den gamle Asconaen tolte
Neste år fér eg til Båtsfjord, sa Johnny,
og Kristina: Fetteren min fridde i går.

Johnny ga gass, og Kristina drog
i handbrekket nett der det skiltet sto
som viste at dei var i Komagvær,
og kvifor ikkje akkurat der?

Komagar for henne, og værret for han,
dei fann dei i lag ved ein lang, aude strand
Johnny på ryggen, Kristina på magen
liggjande saman den siste dagen.